Puppar til alle

Sidan ingen vil kommentere sida vår grunna for lite puppar og lår, må me først og fremst poengtere at me er seriøse unge kvinner som ikkje kjenner ein trang til å spele på slike strenger. Men sidan Kurt og resten av det mannlege kommentator panelet vårt åpenbart er av det primitive slaget, byr me no på verdens største puppar. Her er det altså nok til alle. Bon apetitt.

http://pub.tv2.no/nettavisen/side2/tvguide/article595032.ece

Takk for i dag, og håpar det smaker.


Bush drikk igjen

Er det den feilslåtte krigen mot Taliban og Osama bin Laden som er grunnen? Er det anklagene om hyppig bruk av tortur på Guantanamo? ..eller er det rett og slett oppførselen til dei uoppdragne presidentdøtrene Jenna og Laura Bush som skapar hovudbry for presidenten? Sjølv om medkjensla vår moglegvis er litt falsk, sender me presidenten likevel eit par Pinex som kan døyve dagen derpå-kjensla. Samstundes satsar me på at pinexen også kan verke inn på den aggressive utanrikspolitikken til Bush og hans menn (j.f. Bushmennene).

http://www.youtube.com/watch?v=irOFAjsnSg0

-sjå resultatet av Bushs fortviling.




Kven eller kva har skulda??

Bergensbølger: Madde (med stor M)


Diverse bergenserar har kanskje lagt merke til denne vesle men særs høgrøsta skapning i bybildet det siste året. Ein skapning som spring over Torgallmenningen til alle døgnets tider med anten joggeskoa eller pumpsa på. Kven er ho? Kvar skal ho? ..er spørsmål bergensarane undrar seg over. Det har vore vanskeleg å få bilete av propellen, men Genau-redaksjonen har fått tilgang til dette biletet teke av ein tysk paparazzi-fotograf...

8605-21




Genau-redaksjonen har etter mykje research klart å komme fram til opplysingar rundt denne personen.


Namn:
Madde (dekknamn)

Alder:
usikkert. Kjem an på kva tid på døgeret det er

Stad:
enden av Torgallmenningen mellom Johanneskyrkja og Fotballpuben (mellom himmel og helvete på bergensmunne).

Utdanning/Stilling:
studine ved handelshøgskulen. Nå snakkar me ikkje om Mikke Mus-akademiet BI, men om den høgt anerkjende Norges Handelshøgskule. Er òg komande adm.dir. i eit leiande norsk selskap, men dette er framleis høgt konfidensielt.

Interesser:
Bruker mykje av fritida på å studere den amerikanske serien "Sex and the City". Brukar serien som eit av dei store referansepunkta i livet. Spinn litt av energien ut på Vektertorget når ho ikkje fer som ein propell opp på Fløien. Anonyme kjelder hevdar at ho starta vinklubb som femtenåring. Dette har ført til ei stor interesse for alkoholholdige drikker generelt, -ikkje berre vin. Henner karriere i utelivet i Bergen har vore anført i stor stil, og har allereie blitt omtalt som utelivsdronning.

Sivilstatus:
har tre sambuarar, men her snakker me ikkje om slike suspekte kollektiv dei hadde på 70-talet. Dei tre livsledsagarane fungerer heller som støttekontaktar og festleg lag. Alt foregår på det platoniske planet. Ein trang til å gifte seg, få rekkehus, born og stasjonsvogn har mildt sagt ikkje meldt seg enda, men ein liten flamme hadde ikkje vore å forakta. Her kan me opplyse at det er helst menn med stor M som fell i smak. Dei skal helst ha hår på brøstet og over gjennomsnittet med testosteron. For dei karane som framleis tykkjer dei kan oppfylle dess krave, legg me til at ein ikkje skal foreta seg noko over for Madde før ein har spurd om lov. Sjølv om ho kanskje ser liten og søt ut i førstninga, er ho til tider ein ulv i fåreklede. Denne dama er verbalt sett særs utvikla og er ikkje redd for å seie kva ho meiner.

Me håpar desse svara kan gi Herman Friele og dei øvrige bergensarane litt meir nattero.

Mvh Genau-redaksjonen









Bergensbølger: JUG

I denne serien vil me presentere ulike høgdepunkt frå studentlivet i Bergen. Personar, begivenhetar og andre ting som det er verdt å få med seg.

I første omgang vil me presentere Jurister Uten Grenser; eit kanonballag ved namneforkortinga JUG. Laget består av unge komande juristar som det allereie nå er verdt å merke seg. For nokre veker sidan vart det arrangert Kanonball cup ved det Juridiske fakultet i Bergen. JUG vann cupen i stor stil og det er no stor forventningar til den vidare satsinga.

"Vi hadde et vanntett opplegg hvor vi hadde kasteøvelser med Lovboken før kampene. I pausene trente vi de små grå ved å spørre hverandre ut om Grunnlovsparagrafene" -seier ein anonym spelar på laget til Genau.

Ein kan jo spørje seg om den vidare suksessen får juristane til heller å satse stort på kanonballkarriera enn på jussen. Det er uansett ikkje siste gong me let oss høyre frå dei. Eventuelle groupiar kan henvende seg på lesesal nr 10 på Dragefjellet.

JUG

Framtidige Høgsterettsdommarar eller kanonballspelarar på Eurosport? Dette lar seg nok ikkje løysast gjennom juridisk metode, men me ser likevel fram til svaret.

Paranoia

Dersom ein sjekker ut snowlordsssida, står det ofte til høgre; "Det er 1 jente innom siden nå". Av og til er det fleire. Dette har gitt ein del paranoide tankar hjå genau-redaksjonen. Har Snowlords registrert pcane til samtlege jenter dei kjenner, for å ha kontroll over når dei sjekker sida? Er det ein slags sjølvgod måte å føre statistikk på kor mange av det motsatte kjønn som er inne for å beundre snowboard-bileta deira? Eller er det til berre for å skape forvirring?

Det er klart at det er ein del groupiar ute og går. Spesiellt når ein tenkjer på søkertala i frå Tyskland. Likevel, det er diverse andre aspekt me også ynskjer å belyse i denne saka. Dersom inndelinga av gutar og jenter på besøkstala berre er byrjinga, kjem me snart til å bli inndelte i "røykarar/ikkje-røykarar, heterofile/homofile, snowboardarar/langrennsløparar". Kvar kjem dette til å ende? Det er rett før me varsler Datatilsynet. Dette kan føre til store integritetskrenkingar.

I tillegg kan sida verke diskriminerande. Kva med dyra? I følgje Grannar klarte ein hund frå Skjold å levere returkartongar slik at han til slutt vann 10.000 kr av Haugaland Interkommunale Miljøforetak. Å logge seg inn på snowlordssida må då vere ei lærs lita utfordring for denne hunden for Skjold. Kva trur de den tenkjer då kategorien "husdyr" ikkje kjem opp? Me berre spør..

http://www.grannar.no/nyhet.cfm?nyhetid=2046



Mvh Genau-redaksjonens -integritets og solidaritets-tilsyn


Etterlysing

Me etterlyser visse personar på bloggen. Syns me kan erindre at desse karane hadde mykje å gjere med store delar av aktiviteten på bloggen sist sesong. Ta dykk saman og kommenter. Sanksjonsmidla kan bli harde dersom ikkje. Beklagar til diverse andre Snowlordsmedlemmer som blir dratt inn i denne kinkige situasjonen.



  • snowlords kurth Morten

    I tillegg kan me føye desse personane til lista:
  • Sels
  • Rolland
  • Nudi von Øvernes
  • Asen
  • + diverse endre personar som føler seg trufne av innlegget.

    Wanted, in a good shape....


Pausemoro

For slitne studentar på lesesalen kan eg anbefale litt utanomfagleg stoff.

www.ulovlig.blogspot.com
-ei sjarmerande og veldig rosa side med oppdateringar frå Trondheim(eller T-home om du vil Anders). Byr på oppdateringar om maltrakterte kne og lyrikk om livet i Nidaros.

www.snowlords.com
-sida for alle snowboardentusiastar frå Etne og deira groupiar. Fine bilete og enda fleire oppdateringar om livet til the Stonebergs.

www.thekurt.com
-sida/forumet til verdens mest kreative person. Kven som helst kan lage seg profil og delta i moroa. dersom du er heldig kan du oppnå status som "Vekas person".

For dei som også har vurdert å ta seg ei real fylle etter exfac eksamen, kan dei jo sjå denne filmen. Fører til moglege revurderingar av planlagt alkoholinntak.

http://www.twango.com/media/JDog.public/JDog.13490

Hijab på visakortet?

Ser no at Etne sparebank tilbyr eigendesigna visakort. Ved å sende inn eit bilete, kan ein få visakort med biletet som pryder heile framsida. Kunne dette ha fungert som id? Kan eg sende inn bilete av meg sjølv frå "Dialog mit dem Islam"-seminaret i Köln då eg hadde ikledd meg Hijab? Sjølv om Islam strengt tatt ikkje er min religion må det vel vere lov? Kan eg forresten bruke dette biletet også på baksida kor det vanlege bilete ellers er plassert? Kva dersom eg hadde ikledd meg Burkha?

Helsing kverulerande.

Reversert fadderfest

Den juridiske delen av Genau-redaksjonen har fått i oppdrag å vere med å lage reversert fadderfest 28. oktober. Som dei fleste hugsar (eller gjer dei det?) så kom høgdepunkta som perler på snor under Fadderveka 2006. Reversert fadderfest er difor venta å bli ein brak suksess!! (Me minnar om at dette berre gjeld dei kommande juristane, -ikkje Grete Roede, kapitalistane eller sosialistane).


Me har allereie motteke mange gode forslag til tema for kvelden;

  • Hore og hallik -godt forslag dersom det er erotisk aften på fjøset samme kveld.
  • Bonde & Budeie -her kan ein verkeleg vekke dei nasjonalromantiske kjenslene
  • Nokas -her er det mange trendy plagg frå rettsalen ein kan kle seg i. Me nemner; dress, dommerkappe, lusekofte etc. Den gule raggsokken frå Orderud-saka høyrer òg heime her.
  • Bærum -skikkelig "lættis" ass.
  • HistoriskFilosofisk -research på HF-bygget er anbefalt
  • Afterski -vors før skisesongen

Dette var mange særs gode forslag men me treng enda fleire. Nye tips blir motteke på mail og på Comments til dette innlegget. At folk stemmer på tema er også bra.

8605-16

Nyt helga!

Blogg er oppstanden!

Aktiviteten på bloggen har vore skuffande liten den siste tida. Grunna spreiing av Genau-skribentar til nye geografiske område og generelt nye interesseområde hjå kvar og ein, har bloggen blitt nedprioritert. Dette har verka nesten litt traumatisk for enkelte lesarar og me gjer ein freistnad på å gje ny livsglede, nyttige og unyttige kunnskapar og tips til vår trofaste lesarskare.

Denne sesongen kan me freiste med ny kompetanse på fagfelt som bla juss, økonomi, ernæring og sosiologi. Me tek gjerne i mot spørsmål og henvendingar om dette.

Igjen seier me; hurra for sjølveksponering på høgt nivå!

Genau

-mogleg at nokre lesarar sit i stolen med ei tårekvalt mine nå. -Ja, me er klar over at dei fleste gamle innlegga er sletta frå bloggen. Likevel, me har valt å halde igjen nokre få av dei, slik at overgangen ikkje skal verte for stor.


Det nye manneidealet

Etter mykje kokkelering i media om det nye manneidealet, har me blitt presentert for både den metroseksuelle- og den überseksuelle mannen. Den metrsoseksuelle mannen har feminine vibbar, er oppteken av interiør og motar. Den überseksuelle mannen på si siden, er barsk og engasjert for sosial likskap. Reflektert og intellektuell er også sider denne mannen må ha, og gjerne ein hang etter å redde verda.

Me stiller spørsmålet: Er det slike menn me kvinner er ute etter?

Svaret er: NEI!!!

Det kan nok vere ok å ha ein mann som kan det å matche fargar og som alltid kjøper dei rette kleda til deg i bursdagsgåve. Likevel, er det så kult å måtte dele mascara og neglelakk med typen, -og vil me eigentleg ha ein type som er meir feminin enn ein sjølv? Njet.

Er då den überseksuelle mannen betre? Menn med tredagarsskjegg og ein os av maskulinitet er alltid bra. I hvertfall når dei har kunnskap om fattige born i Afrika og har som mål å vere universielle superheltar. På den andre sida må det verke litt keisamt å vere Lois Lane til tider. Å sitte heime og vente på kjærasten medan han flyg omkring for å redde andre kvinner i naud, er litt kjipt. Dessutan kan menn umogleg fungere som superheltar 24/7. Skal berre sjå Supermann slengjer seg på sofaen når han kjem heim etter eit oppdrag. Spretter ei øl, løyser på beltet for å sleppe ut den godt gøymde øl-magen for så å utstøyte ein rap av ukjende dimensjonar. I mellom tida står Lois Lane på kjøkkenet og sukker med ei oppgitt mine.

Det er her Pondus kjem inn i biletet. Det er ikkje utan grunn at teikneseriefiguren har blitt så populær. Alle menn har ein liten Pondus i seg. Kvinnene på si side elskar det genuine ved Pondus. Han er ein mann med sine manglar, -dersom ein samanliknar han med manneidealet. Likevel ser ikkje dette ut til å bry han nevneverdig. Pondus reiser gjennom livets oppturar og nedturar med eit lyst blikk på livet og ein god porsjon humor i bagasjen.

Dette må bli det nye manneidealet! Me går i bresjen for ein revolusjon innan manneidealet. Nei takk til six-packs og superheltar med brunkrem. Me vil ha Pondus-menn! Kanskje me skal kalle det nye idealet "Pondus-seksuell"?


img

Karriere mulighet 2

Internasjonalisering er noko som det er veldig fokus på i vårt samfunn. Det er ikkje noko som er betre enn å bli kjend med nye kulturar. Det er her det ideelle må være å studere og/eller jobbe i eit framandt land. Ein får utdanning og arbeid og lærer på same tid ein heilt ny kultur å kjenne. Difor skaut entusiasmen i veret då denne vesle filmen landa i E-postkassa. Hurramegrundt for Burkha-politikvinner i Iran!!!

http://video.google.com/videoplay?docid=3888488928918260248



Karriere mulighet



Me desperate 3. klassingar blir alltid glade for gode råd innan val av utdanning og karriere. Her er eit av dei siste råda me har fått: Fengsels-cheerleader!!! Me må sei oss einige om at her har kreativiteten vore på topp. Me kan ikkje tenkje oss at det finst alt for mange fengsels-cheerleaders i Noreg, så her må karriere-mulighetene vere uendeleg store! Ei arbeidstid med mykje fleksi-tid, grei løn og mulighet for å bruke sine kunstnariske sider er berre nokre av frynsegoda. Fengsels-cheerleader er føyd til lista.

Genau!

genau adj. nöyaktig, presis *eine genaue Zeichnung en nöyaktig tegning °etw. (akk.) genau betrachten betrakte noe nöye; nichts Genaueres ikke noe närmere.

genau adv. 1. nöyaktig *genau da! nöyaktig der! 2. akkurat, nettopp *ist das richtig? Genau! er det riktig? Nettopp! °genau genommen strengt tatt, egentlig.


November 2006
Sun Mon Tue Wed Thu Fri Sat
1 2 3 4
5 6 7 8 9 10 11
12 13 14 15 16 17 18
19 20 21 22 23 24 25
26 27 28 29 30
hits